Midt mellom dei ruvande flotte fjella i Sunnmørsalpane har Øyvind Skatvedt Robak utgangspunkt for den musikalske verksemda si. Opphavleg kjem han frå Fåberg i Oppland og har via Uruguay, Trondheim, Frankrike og Ørsta hamna i Volda, ein god stad å bu for den som trivst med ein kombinasjon av mykje frilansing, litt undervisning og vill natur.
Musikkutdanninga har han frå NTNU Institutt for musikk i Trondheim (tidl. Trondheim musikkonservatorium) og Conservatoire Edgar Varèse de Gennevilliers, Paris, Frankrike. Han har motteke diverse stipend, som t.d. stipendiet frå Peter Hatfields minnefond, Drømmestipendet og Oppland Fylke sitt kunstnarstipend i tillegg til å ha motteke ei rekke prisar med tangoensembel han spelar i. Øyvind Skatvedt Robak er frilansmusikar og underviser i tillegg ein dag i veka. Han spelar i ulike tangogrupper, m.a. Tangueros del Norte, Vippetango, Tangolauget og FanTango og han spelar i tillegg mykje i ulike orkester i og utanfor regionen, samt tek solistoppdrag. I tillegg tek han på seg komposisjons- og arrangeringsoppdrag. |
Bandoneón

Bandoneónstudia har han frå NTNU Institutt for musikk (tidl. Trondheim musikkonservatorium) med Kåre Jostein Simonsen og Conservatoire Edgar Varèse de Gennevilliers, Paris, Frankrike med Juan José Mosalini.
Som bandoneonist har han spelt i ulike tangoensemble, m.a. Tangueros del Norte, FanTango, OranguTango, Vippetango og Tangolauget. Tangueros del Norte er det einaste orquesta típica i Noreg. Orkesteret har vunne mange stipend og prisar, samt spelt mange konsertar i inn- og utland, og har til dømes delteke på NRK sitt talentprogram "Kjempesjansen". Øyvind har òg spelt bandoneón i Piazzolla sin opera María de Buenos Aires som vart sett opp på operaen i Kristiansund. Han har òg spelt i mange andre samanhengar, innanfor ulike sjangrar, fyrst og fremst tango, men òg klassisk musikk. Innan klassisk musikk kan særleg nemnast operaen "Alle måner drar" av Eva Holm Foosnæs. Han har òg vore solist i ulike samanhengar, m.a. i bandoneónkvartett og med Tangueros del Norte som solistgruppe med Trondheim Symfoniorkester. Medan han studerte i Paris, spelte han òg bandoneón i ein tangokvartett som har opptredd mange stader rundt om i Paris.
Han har òg skipa Tangofestivalen i Volda som vart gjennomført fyrste gong i februar 2013, og har mellom anna tonesett dikt av Ivar Aasen i tradisjonell argentinsk/uruguayansk tangostil.

Fiolin

Øyvind Skatvedt Robak har fiolinutdanninga si frå NTNU Institutt for musikk (tidl. Musikkonsetvatoriet i Trondheim).
Han har spesialisert seg innan tango og klassisk musikk, men har i tillegg ein del erfaring frå diverse andre sjangrar.
Som fiolinist jobbar han som frilansmusikar, samt at han underviser på Ørsta kulturskule. Som frilansmusikar spelar han i mange ulike orkester i og utanfor regionen, samt at han tek andre typar oppdrag som solist eller innan kammermusikk osb. Han spelar fiolin i Tangueros del Norte, eit tangoorkester der han òg spelar bandoneón
Som fiolinist har han vore solist med desse symfoniorkestera: Lillehammer Symfoniorkester og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Tidlegare har han òg vore fiolinlærar ved ICM Institut de culture musicale i Versailles, Frankrike, samt spelt i Orchestre de la Cité Internationale i Paris, Frankrike i tillegg til å vere frilansmusikar og kyrkjemusikar ved den Norske Sjømannskyrkja i Paris. For tida er han fast konsertmeistar i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Han har òg skipa Tangofestivalen i Volda som vart gjennomført fyrste gong i februar 2013.

Komposisjonar
Øyvind komponerer musikk, fyrst og fremst innan tangosjangeren, men også annan musikk. Under finn du to lister, den eine innan tango og den andre innan klassisk og annan musikk. Er du interessert i noko av dette, eller kunne tenkje deg å spele noko av det, ta kontakt med Øyvind Skatvedt Robak for notar eller andre spørsmål. Du kan anten skrive til: oyvind@montevideo.com.uy eller kontakte meg på tlf 92238244, eller fylle ut kontaktskjemaet her.
TangoHugen til rikdom (tango) - tekst av Ivar Aasen
Elskug kvæde (tango) - tekst av Ivar Aasen Heimvegen (tango) - tekst av Ivar Aasen Tolugt mod (tango) - tekst av Ivar Aasen Uvitingskap (tango) - tekst av Ivar Aasen Høgferd (vals) - tekst av Ivar Aasen A mi segunda patria (vals) Kaja mi (vals) Casi llegué (tango) Para Anne (tango) Envenenamiento de comida (milonga) Saludo musical a Kåre Simonsen (tango) Vår siste seng me reider (vals) - tekst av Anders Hovden |
Klassisk / anna
Vals for bratsj og bandoneón (klassisk, underhaldning)
Vegvalsen (underhaldning) Vise / song utan ord (klassisk) Dans for solo-psalmodikon Vår siste seng me reider (vals) - tekst av Anders Hovden Roaren (vise) - tekst av Anders Hovden |
Plateinnspelingar
|
Siste nytt:
Vinje-tango på den nynorske festspela, VOLDA/ØRSTA
Ivar Aasen-tunet har tinga tangoar med tekst av Aasmund Olavsson Vinje i høve Vinje-jubiléet. Desse, i tillegg til tangoar med tekst av Ivar Aasen og Anders Hovden, skal framførast under dei nyrnoske festspela i juni 2018. Alle tangoane er eigne verk. Det vert ein konsert i Volda og ein i Ørsta under dei nynorske festspela.