TANGO
Tango er eit ord som vert nytta om ulike uttrykk. Tangoen som Øyvind Skatvedt Robak spelar er innanfor den tradisjonen som opphavleg vart til blant dei lågare sosiale laga av samfunnet i Buenos Aires, Argentina og Montevideo, Uruguay på kvar si side av Río de la Plata. Innan denne tangotradisjonen er det vanleg å snakke om tre element som til saman dannar tangoen: musikk, dans og tekst.
Gjennom mange år har denne sjangeren utvikla seg i mange ulike retningar, slik det òg gjerne skjer med andre sjangrar, som t.d. jazz. Dette kan ein òg sjå innanfor dei ulike gruppene som Øyvind spelar i.
Tangueros del Norte spelar eit breitt spekter av konserttango, alt frå gamle klassikararrangement til Piazzolla og nyskrevne tangoar. Denne tangoen er meir til å lytte på enn til å danse til, då den er svært variert m.o.t. tempi og uttrykk.
I OranguTango vart det spelt mykje Piazzolla-kvintettarrangement, men òg eigenarrangerte verk for denne gruppa, av ymse opphav, frå Zappa og Manzini, til Sommerro.
FanTango er ei gruppe som spelar innanfor den gamle dansbare tangotradisjonen, der ein i hovudsak går utifrå pianonota som ei skisse og vert samde om korleis ein gjer det i gruppa, litt slik ein jazz-musikar går fram, men ikkje fullt så improvisert. Dette vert ofte kalla "tango a la parrilla", altså "grilltango".
Den nystarta interregionale tangogruppa som førebels ikkje har fått noko namn spelar òg innan denne tradisjonen, men nyttar i tillegg til pianonoteskissemetoden arrangement innan den gamle stilen. Desse to gruppene er dei einaste i Noreg med fast vokal.