Øyvind Skatvedt Robak      -      bandoneonist og fiolinist
+4792238244
  • Heim
  • Komande konsertar
  • Tidlegare konsertar
  • Om Øyvind
    • Bandoneón
    • Fiolin
    • Komposisjonar
    • Media >
      • Video
      • Presseklipp
  • Tango
    • Tangueros del Norte
    • FanTango
    • Tangolauget
    • Ørsta bandoneónlaug
    • Vippetango
    • Komposisjonar
    • Arkiv
  • Tormenta Tango - Sunnmøre og Nordre Nordfjord
  • Tangofestivalen i Volda
  • Plateinnspelingar
  • Kontakt
  • Lenkjer
  • Español
  • Français

Fiolin

Picture
Øyvind Skatvedt Robak har fiolinutdanninga si frå NTNU Institutt for musikk (tidl. Musikkonsetvatoriet i Trondheim).
Han har spesialisert seg innan tango og klassisk musikk, men har i tillegg ein del erfaring frå diverse andre sjangrar.
Han jobbar hovudsakleg som frilansmusikar og har i tillegg ei lita stilling på Ørsta kulturskule. Som frilansmusikar spelar han i mange ulike orkester i Møre og Romsdal og Vestland, samt at han tek andre typar oppdrag som solist eller innan kammermusikk osb både i og utanfor regionen. Han spelar fiolin i Tangueros del Norte, eit tangoorkester der han òg spelar bandoneón. Dette tangoorkesteret har spelt ei rekkje konsertar i både inn- og utland og har mellom anna vore to gongar i Argentina, der det har spelt konsertar i Buenos Aires og Rosario.
Som fiolinist har han  vore solist med desse symfoniorkestera: Lillehammer Symfoniorkester og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.
Medan han studerte bandoneón i Paris, spelte hann mellom anna også fiolin i Orchestre de la Cité Internationale i Paris, Frankrike, i tillegg til å vere frilansmusikar og kyrkjemusikar ved den Norske sjømannskyrkja i Paris. Han underviste også nokre elevar ved ICM Institut de culture musicale medan han studerte i Paris. For tida er han fast konsertmeister i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

Han har skipa Tangofestivalen i Volda som vart gjennomført fyrste gong i februar 2013 og seinare vore med på å skipe Tormenta Tango - Sunnmøre og Nordre Nordfjord, ei tangoforeining som ynskjer å bringe tangoen ut til folket i regionen, både med musikk og dans. 

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Faites également la promotion de votre Page
Proudly powered by Weebly