Øyvind Skatvedt Robak      -      bandoneonist og fiolinist
+4792238244
  • Heim
  • Komande konsertar
  • Tidlegare konsertar
  • Om Øyvind
    • Bandoneón
    • Fiolin
    • Komposisjonar
    • Media >
      • Video
      • Presseklipp
  • Tango
    • Vippetango
    • Tangolauget
    • Tangueros del Norte
    • FanTango
    • Ørsta bandoneónlaug
    • Komposisjonar
    • Arkiv
  • Tormenta Tango - Sunnmøre og Nordre Nordfjord
  • Tangofestivalen i Volda
  • Plateinnspelingar
  • Kontakt
  • Lenkjer
  • Español
  • Français

Øyvind Skatvedt Robak - bandoneonist og fiolinist

Photo
Photo
Photo
Imagen

Bandoneonist og fiolinist

Picture
Midt mellom dei ruvande flotte fjella i Sunnmørsalpane har Øyvind Skatvedt Robak utgangspunkt for den musikalske verksemda si. Opphavleg kjem han frå Fåberg i Oppland og har via Uruguay, Trondheim, Frankrike og Ørsta hamna i Volda, ein god stad å bu for den som trivst med ein kombinasjon av mykje frilansing, litt undervisning og vill natur.

Musikkutdanninga har han frå NTNU Institutt for musikk i Trondheim (tidl. Trondheim musikkonservatorium) og Conservatoire Edgar Varèse de Gennevilliers, Paris, Frankrike.

Han har motteke diverse stipend, som t.d. stipendiet frå Peter Hatfields minnefond, Drømmestipendet og Oppland Fylke sitt kunstnarstipend i tillegg til å ha motteke ei rekke prisar med tangoensembel han spelar i.

​Han er
 frilansmusikar og underviser i tillegg eit par dagar i veka. Han spelar i ulike tangogrupper, m.a. Tangueros del Norte, Vippetango, Tangolauget og FanTango og han spelar  i tillegg mykje i ulike orkester i og utanfor regionen, samt tek solistoppdrag. I tillegg tek han på seg komposisjons- og arrangeringsoppdrag.

Proudly powered by Weebly