Duo Janse/Robak
Harpe- og fiolinduoen vart til etter nokre orkesterprosjekt, der Miranda Janse vart innleigd på harpe. Dei fann ut at begge hadde veldig lyst til å spele kammermusikk for harpe og fiolin, og byrja å planleggje. Miranda Janse bur i Rotterdam i Nederland og Øyvind Skatvedt Robak bur i Volda i Noreg. Den fyrste utfordringa vi stod overfor var korleis vi skulle få organisert øvingane våre. Det vart litt lite med berre tilfeldige orkesterprosjekt der ho vart leigd inn no og då, så vi fann ut at vi trong ein meir intens, samanhengande periode, der vi kunne øve mykje saman. Løysinga var at ho fekk seg jobb på Hotel Union Øye i ein periode på to månader, der ho fekk jobbe som kombinert harpist og servitør. (Hotell Union har tradisjon for å nytte musikarar og hotellsjefen sjølv har songarbakgrunn, så dette konseptet var full klaff hjå dei). Ho fekk dessutan òg høve til å halde solokonsertar i regi av hotellet. Dette gjorde at vi hadde 2 intense månader vi kunne nytte til å få inn eit program som vi gler oss til å dele med publikum.
Det er ikkje så ofte ein ser akkurat denne duoformasjonen, men det har nok fyrst og fremst med å gjere at harpistar ikkje er så vanlege som til dømes pianistar. Til gjengjeld finst det utruleg mykje som går an når ein kombinerer desse to instrumenta. Fiolin saman med harpe har eit veldig stort dynamisk spekter å spele på, då ein kan utnytte absolutt heile det dynamiske spekteret, frå det sterke og heftige heilt ned til så svakt og så sart at ein knapt høyrer det. Dette gjev rom for utruleg vakre nyansar, og berre dette i seg sjølv burde vere ein god nok grunn for å skrive meir musikk for dette vakre duoformatet.
Duoen held no på å planleggje konsertar i Noreg og Nederland, så om du er interessert i å arrangere ein konsert med oss er det berre å ta kontakt med Øyvind Skatvedt Robak på [email protected].

Miranda Janse
Miranda Janse er ein lidenskapleg harpist som hovudsakleg spelar klassisk musikk. Der var aldri nokon tvil om at det var harpe ho ville spele. Etter å ha sett ei harpe for aller fyrste gong, vart ho fullstendig forelska og visste dette ville verte hennar instrument.
Ho har både vorte nytta som orkesterharpist og soloharpist i Den Slovakiske Sinfoniettaen sidan 2019 og har arbeidd med David Giménez Carreras, Oliver Dohnany, Misha Katz, Martin Leginus, Leos Swarovsky, Rastislav Stur, med eit variert repertoar, alt frå moderne musikk til Tsjajkovskij sin Blomstervals (med harpekadens). Ho har òg erfaring med orkester og kor som Bratislava symfoniorkester, Enesnble Spectrum, Opera Trøndelag/Vestfold symfoniorkester, Symfoniorkesteret ved høgskulen i Volda, Codarts symfoniorkester, Akom Ensemble, Laurentscantorij, Nederlands Film Orkest, Symfoni Orkest Midden Holland og arbeidd med dirigentar som Valery Gergiev, Susanna Malkki, Arie van Beek, Igor Gruppman. Ho spelar også kammermusikk i ulikt format, som td harpe og fløyte, harpe og sopran, harpe og strykekvartett, harpe og cello, harpe og fiolin. Ho har òg ofte solooppdrag på ulike scener og festivalar, som td Festival Romantic Music, Down to the rabbit hole, Muziek in de Bonifatius mm.
Miranda byrja å ta harpetimar som niåring med Ineke de Vente og då ho var 13 byrja ho på talentprogrammet ved Musikkakademiet i Rotterdam med Saskia Kingma som harpelærar, der ho heldt fram og tok ein bachelorgrad. Under bachelorstudia fekk ho òg undervisning i jazz og improvisasjon av Rosetty de Ruiter. I den perioden var ho òg på meisterklasser med mellom andre Sylvain Blassel, Maria Graf, Mariko Anraku, Charlotte Balzereit og Godelieve Schrama. Etter fullført bachelorgrad tok ho privattimar i Wien med Anneleen Lenaerts. (soloharpist i Wienerfilharmonien) og heldt så fram med ein mastergrad.
I tillegg til dette har ho undervist enkeltelevar på harpe, og ho har dessutan hatt gruppeundervisning på harpe på barneskulen i eit opplegg som vert kalla Leerorkest, der opplegget var at elevane vart delte i grupper og at ei gruppe med instrumentallærarar underviste kvar si gruppe i sitt instrument, og i slutten av månaden vart dette sett saman til eit elevorkester, eller læringsorkester (Leerorkest).

Øyvind Skatvedt Robak
Øyvind Skatvedt Robak vart fyrst utdanna ved Musikkonservatoriet i Trondheim (NTNU) på fiolin og bandoneón og spesialiserte seg etter det på bandoneón og tango i Paris med professor Juan José Mosalini.
Øyvind Skatvedt Robak byrja å spele fiolin som 6-åring og visste alt då at han ville verte musikar. Som fiolinist vert Øyvind Skatvedt Robak ofte leigd inn av ulike orkester, kor og alle typar prosjekt med samansett ensemble i fylket og i nabofylket. Han har mellom anna vore med på alle prosjekta til Opera Nordfjord som har hatt med fiolin sidan 2011 og ved fleire høve spelt på operaen i Kristiansund. Han vert òg mykje nytta når ulike kyrkjer/kor skal setje opp konsertar. Han har vore konsertmeister i symfoniorkesteret ved høgskulen i Volda sidan 2011. Han har alltid spelt kammermusikk, og dei seinare åra har det vorte meir og meir av dette. Kammermusikk er eit fleksibelt og spanande format som gjev rom for mange slags oppdrag med ulike grupperingar. Øyvind Skatvedt Robak har i tillegg til kammerkonsertar i Noreg òg spelt kammerkonsertar i Frankrike, Danmark og Tyskland. Det siste året har dessutan duoformatet med harpe vorte ein realitet, og no held Miranda Janse frå Nedeland og Øyvind Skatvedt Robak på å planleggje konsertar i Noreg og Nederland.
Som bandoneonist har han spelt i mange ulike tangoensemble, m.a. Tangueros del Norte som lenge var det einaste orquesta típica i Noreg. Orkesteret har vunne mange stipend og prisar, samt spelt mange konsertar i inn- og utland, og har til dømes delteke på NRK sitt talentprogram "Kjempesjansen". Øyvind har òg spelt bandoneón i Piazzolla sin opera María de Buenos Aires som vart sett opp på operaen i Kristiansund. Han har m.a. spelt bandoneón med Trondheim Symfoniorkester, både som del av ein bandoneónkvartett, men òg saman med Tangueros del Norte. Medan han studerte i Paris, spelte han òg bandoneón i ein tangokvartett som opptredde mykje der. I 2009 vann han 3.-prisen i den internasjonale bandoneónkonkurransen i Klingenthal, Tyskland.
Han har òg ved seinare høve spelt bandoneón med Operaens Sinfonietta ved Operaen i Kristiansund og han held no på å skrive eit tangorekviem som etter planen skal urframførast hausten 2022 i samarbeid med Operaen i Kristiansund og Volda kyrkjekor m.fl.
Saman med Morten Bollerud arrangerte han to tangofestivalar i Volda, og har seinare, saman med Valentina Nieli-Vatne skipa Tormenta tango - Summøre og Nordre Nordfjord, som er ei foreining for alle typar tangoaktivitet (konsertar, dansekurs, milongaer, festivalar mm) i området.
I tillegg til frilansinga, er Øyvind Skatvedt Robak fast tilsett på Ørsta kulturskule i 30% stilling, der han underviser i fiolin og bandoneón, samt leiar eit tangoorkester som er ein del av det nye regionale fordjupingsprogrammet for kommunane på Søre Sunnmøre.