Tangoverkstad - Innføringskurs i tango for musikarar
Dette kurset kan tingast av alle institusjonar, festivalar eller private som ynskjer eit kurs for å lære det grunnleggjande innan korleis ein spelar tango. Lengda på kurset kan òg tilpassast etter behov. Td. kan 2-3 dagar vere ei fin lengd. Då kan ein kanskje rekke å framføre noko det ein har lært òg, siste dagen. Ta kontakt med Øyvind Skatvedt Robak på tlf 92238244 eller e-post [email protected].
Spelar du eit instrument eller syng og er nysgjerrig på tango?
Då kan dette kurset passe for deg.
Kurset vil passe både for profesjonelle musikarar og amatørar som beherskar eit instrument på eit visst nivå og som er konfortable med å lese notar.
NB: Gitarristar treng ikkje kunne lese så mykje notar på dette kurset, men bør kunne spele etter besifring.
(Kurset er fyrst og fremst for vaksne og vidarekomne ungdommar og vert lagt opp etter nivået på deltakarane).
Kva instrument er kurset for?
Kurset er i utgangspunktet ope for alle instrument + song.
Dei vanlegaste tangoinstrumenta er:
Piano, fiolin, kontrabass, bandoneón, gitar og song, men andre instrument vert òg nytta i tango, td:
Bratsj, cello, el-bass, trekkspel, fløyte, klarinett, og der er td òg trombonistar som spelar tango, så det er berre å melde seg på uansett kva instrument du spelar. Fløyte og gitar er faktisk nokre av dei eldste tangoinstrumenta, sjølv om andre instrument har vorte meir vanlege etterkvart. Spelar du eit av desse, eller eit anna instrument og har lyst til å vere med, ikkje ver redd for å melde deg på.
(NB!: Spelar du eit instrument i B eller F, er det ein fordel om du kan lese notar i C, eller dersom ikkje, at du tek kontakt, så vi kan skrive ut transponerte notar til det instrumentet det gjeld). Vi deler i grupper utifrå påmelding/besetning.
Kva lærer du?
Du vil få ei innføring i korleis du kan gå fram for å spele argentinsk/urguayansk tango utifrå den gamle tradisjonen ved å bruke pianonotar, som var det tangoane opphavleg vart utgjevne som.
Utifrå denne noten finn ein melodien, og ein vert samde om bassgang og akkordar som skal nyttast, og kven som spelar kva, rytme, frasering osb. På kurset vil du lære dei grunnleggjande rytmiske figurane i kompet og korleis ein fraserer melodien, somme gonger fritt, somme gonger strengt rytmisk, og vekslinga mellom desse to ytterpunkta.
Tangoen sitt opphav:
Tangoen vart til blant fattige innvandrarar i hamnebyane Buenos Aires (Argentina) og Montevideo (Uruguay) seint på 1800-talet. For mange er det ikkje fullt så kjent at tangoen har opphav i to land, men det er heller kanskje ikkje så unaturleg med tanke på at desse to byane ligg på kvar si side av ei breid elv. La Cumparsita, kanskje den mest kjende av alle tangoane er td skrive i Montevideo...
Kurshaldar: Øyvind Skatvedt Robak, bandoneonist og fiolinist.
For påmelding eller spørsmål, ring Øyvind Skatvedt Robak på tlf 92238244 eller send ein e-post til [email protected].