Bandoneón
Bandoneónutdanninga starta han på NTNU Institutt for musikk (tidl. Trondheim musikkonservatorium) med Kåre Jostein Simonsen og spesialiserte seg vidare ved Conservatoire Edgar Varèse de Gennevilliers, Paris, Frankrike med Juan José Mosalini.
Som bandoneonist har han spelt i ulike tangoensemble, m.a. Tangueros del Norte, FanTango, OranguTango, Vippetango og Tangolauget. Tangueros del Norte er det einaste orquesta típica i Noreg. Orkesteret har vunne mange stipend og prisar, samt spelt mange konsertar i inn- og utland, og har til dømes delteke på NRK sitt talentprogram "Kjempesjansen". Øyvind har òg spelt bandoneón i Piazzolla sin opera María de Buenos Aires som vart sett opp på operaen i Kristiansund. Han har òg spelt i mange andre samanhengar, innanfor ulike sjangrar, fyrst og fremst tango, men òg klassisk musikk. Innan klassisk musikk kan særleg nemnast operaen "Alle måner drar" av Eva Holm Foosnæs. Han har òg vore solist i ulike samanhengar, m.a. i bandoneónkvartett og med Tangueros del Norte som solistgruppe med Trondheim Symfoniorkester. Medan han studerte i Paris, spelte han òg bandoneón i ein tangokvartett som har opptredd mange stader rundt om i Paris. Han har òg spelt bandoneón med Operaens Sinfonietta ved Operaen i Kristiansund.
Han har òg skipa Tangofestivalen i Volda som vart gjennomført fyrste gong i februar 2013, og har mellom anna tonesett dikt av Ivar Aasen i tradisjonell argentinsk/uruguayansk tangostil. Han har saman med Valentina Nieli Vatne skipa foreininga Tormenta Tango - Sunnmøre og Nordre Nordfjord, ei foreining som ynskjer å få tangoen ut til folket i regionen, både i form av musikk og dans.